Mønster til Fuglevottane

For dykk som er over gjennomsnittet interessert i strikking så legger eg ut mønsteret til Fuglevottane!
Fyrste steg: Kjøp garn.

Til vottane som ligg her på bloggen har eg brukt Rauma finullgarn strikket på pinne 2,5. Ein kan sjølvsagt nytta anna garn, men vottane blir i passe storleik hvis dei strikkas med garn som passer pinnestorleik 2,5 til 3. Om ein strikkar dei på pinne 3,5 blir dei passe til ein mann. Eg har brukt eit nøste av kvar farge.

Vidare legg du opp 52 måske (masker) og strikk 20 omgangar vrangbord, 2 rette og 2 vrange. Vrangbårdmønsteret kan ein ta som eit utgangspunkt. Eg har ofte strikka vrangborden ein farge eller med andre stripar. Med andre ord, slå deg laus! Etter vrangborden strikkar du ein omgang rett det det aukast 4 måske jamnt fordelt. Følg så mønsteret. Sett av 13 måske til tommel og legg opp 11 nye. Fortsett å strikke og fell av etter mønsteret. Strikk tommelen etter mønsteret, det er 28 måske til saman.

Og heilt til slutt, hugs å strikk ein venstre og ein høgre vott. Det er vanskelegare enn ein skulle tru. Just sayin».

Fuglemønster

Advertisements

2 responses to “Mønster til Fuglevottane

  1. Tilbakeping: Fuglevotter numero dos | Eg sa strikk!·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s