Mønster til Kofte frå 50-talet

For dokker som er ekstra ivrige strikkere, legger eg ut mønster på 50-tallskofta. Mønsteret tar utgangspunkt i mønsteret frå Husfliden, men eg har gjort nokre endringar slik at kofta blir litt enklare å strikke. Dette er ein gamal oppskrift så her er det one size fits hopefully all.

Du trenger:

★ Rundpinne og strømpepinner i storleik 3
★ 200 gr av bunnfarge (her lysegrå)
★ 100 gr av mønsterfarge 1 (her mørkegrå)
★ 50 gr av mønsterfarge 2 (her lilla)
★ 50 gr av mønsterfarge 3 (her rosa)

Eg har nytta Rauma finull. Det er mjukt og godt og kofta blir passe tjukt. Det er så mange fine fargar å velje mellom! Her er eg og kofta på sumarferie.

What to do:

Bolen: Legg opp 235 masker på pinnestorleik nummer 3 og strikk vrangbord 1 rett, 1 vrang 8 runder. Siden dette er ein kofte strikkast dei 5 siste maskene vrangt. Når kofta er ferdig og den skal monterast er det her stolpar til knappar strikkast etter at den er klippet opp. Rapporten i mønsteret er på 47 masker og for at det skal bli symetri forran, det er jo ein kofte, så har eg starta eg å strikke der eg har skrevet begynne på mønsteret . Om du strikkar mot høgre eller venstre spiller ingen rolle, det viktigaste er at dei 5 maskane eg har farga med gråblyant blir strikka vrangt siden det er fronten på kofta. Ja, eg veit det ikkje er så lett å tyde mine strikkeoppskriftstankar, men uansett blir det nok kofte til slutt.

Etter vrangborden strikkast det 6 runder glattstrikk før det begynnes å strikke lus. Det er det gråprikkede mønsteret. Begynn så å strikke bordene. Dei skal strikkast 2 ganger. Her er det fritt fram korleis fargar du bruker! Eg har nett oppdaget at min kofte manglar ein bord eller to, ikkje rart at eg alltid har syntes den er litt kort. Oppfordring: sjå nøye på bilete frå Husfliden og tell kor mange border det er strikket.

Armene strikkast slik: Legg opp 48 masker på pinne 3 og strikk vrangbord 8 runder. Øk deretter ut til 52 masker før du begynner på mønsteret. Strikk 5 luserader som på bolen (det er kofte utan ermer). Øk 2 masker på hver 5.omgang, 1 maske på hver siden av det første masken på runden. Strikk til ermet måer ca 50 cm eller er passe lang. Strikk ett erme til og pass på at du avslutter med samme bord. Nå har du tre delar som skal monterast til ein kofte.

For å strikke knappestolpene må du du først sy godt med sikksakk på ein symaskin og klippe opp så det fysisk blir ein kofte. Rent mentalt kan dette bli ein utfordring. Når ein tar opp masker til stolpen hoppar ein over kvar tredje eller fjerde maske, da blir det gjamt og fint. Lag ca 8 knapphull gjevnt fordelt.

Tips: Eg synes min kofte ble litt stor, så du kan med fordel ta vekk ein mønsterrapport, altså 235 m – 47 m = 188 masker. Da blir kofta litt mindre. Og hvis ein ikkje gidde å lage kofte er det berre å droppe dei 5 vrange maskene midt forran og strikke bolen som ein genser. Det trur eg skal bli mitt sumarprosjekt. Og ikkje vær redd for å spørre hvis du sitter fortvilet med strikketøyet i fanget og ikkje veit ka du skal gjere. Det blir nok kofte skal du sjå. Lukke til.


50-tallsjakke2

Strikkajakke

DSC_0026

Mønster på 50-tallsjakke

Mønster på 50-tallsjakke, begynn å strikke her.

 

Advertisements

6 responses to “Mønster til Kofte frå 50-talet

  1. Tilbakeping: Blid! | Eg sa strikk!·

  2. Så fin den vart. Eg har arva eit gammalt eksemplar av denne kufta i orginalfargane. Ho er min største skatt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s