Fuglevotter numero dos

Eg kom tilfeldigvis over dette mønsteret på verdsveven. Det er Fuglevottene i ny drakt. Så for dere spesielt strikkeinteresserte legger eg det ut på Le blogg, det kan jo hende noken av dokker likar å strikke. Sjølve fuglane er dei samme, men mønsteret i mellom og på baksida av vottane er anerledes enn dei eg har fått av Bestemor. Eg trur faktisk dette mønsteret er frå Hjemmet ukeblad ein gong på 80-talet. Eg må nok strikke eit par i dette mønsteret og. Her er mønster til dei fyrste Fuglevottane.

Skjermbilde 2013-06-12 kl. 17.22.31

Advertisements

4 responses to “Fuglevotter numero dos

  1. Elsker bloggen, får lyst til å starte med strikking igjen men så husker jeg hvor utolmodig jeg er.

  2. Hei!
    Las det du skreiv om fuglevottar numero dos. Eg kjenner historia til dette mønsteret. Dete er det opprinnelege mønsteret, som heiter «Lerka». Det er mor mi, Elfrid Syrstad, gift Hjelle som laga mønsteret då ho gjekk på Statens kvinnelige industriskole i Osloi perioden 1951 til 1953. Ho meiner sjølv mønsteret vart laga i løpet av skuleåret 1952-1953. Elevane fekk i oppgåve å teikne eit mønster som ikkje var laga før. Ho strikka også vottane då mønsteret var ferdig. Det var Anna Marøy som var læraren til klassen deira. Mønsteret vart gitt ut i heftet «Votter og vanter» , Småskrift 5, utgitt av lærerrådet ved Statens kvinnelige Industriskole. Aschehoug & Co i 1955. Namna til elevane som laga fleire av mønstera er ikkje tekne med. Dei som les det opphavelege mønsteret, ser at det står ein skal bruke pinne nr 6 eller 7. Dette er dei gamle pinnenummera brukte på den tid. Det tilsvarer pinnar med diameter 1,8 eller 1,9. Eg har sett mønsteret, eller variasjonar av det, i fleire strikkebøker og hefte. Elfrid Hjelle er i dag 92år. Ho bur på Nordfjordeid. Ho synest det er kjekt at mønstert blir brukt! Mvh Marit Hjelle.

    • Hei Marit!
      Så gøy å høre hvor mønsterte kommer fra! Jeg har strikket mange votter i dette mønsteret, både til meg selv og i gave. Får jeg lov til å poste svaret ditt i et eget innlegg? Då må hilse til moren din og si tusen takk for flott mønster. Gøy at det lever videre!
      Helsing Sigrid 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s