Sundagsstrikking

På sundagskveld satt eg vakt på treningssenteret for Telemark- og alpingruppa på skulen. Møtte masse kjentfolk og fekk strikka ferdig eit par vottar som eg skal sende til min kusine. Ho spurte om eg kunne strikke eit par som kunne matche den nye gore-tex jakka hennar og sjølvsagt kunne eg det! Dessuten fekk eg nokre nye vennar som lurte på ka eg strikka, alle var utvekslingsstudentar. Dei trur sikkert alle nordmenn strikker.

Vottane strikka eg i Rauma finull på pinnestorleik 3, då blir dei så mjuke og fine! Bottenfargen er lilla og mønsterfarge er kvit. Lillafargen vart litt vanskeleg å sjå på bilete, eg er nemleg ingen fotograf. Mønstret har eg hat kjempe lenge, det er eit av mine favorittmønstre. De har ikke noko namn så eg kallar dei for Hjartevottane. Her og her og her  kan du sjå dei andre vottane eg har stikka i same mønster, alle olike fargar. Og til dokker som er over gjennomsnittet opptatt av strikking så strikka eg desse vottane på firkanta pinner!! Det er visst det hippeste i strikkeverda for tida.

bilde

Advertisements

4 responses to “Sundagsstrikking

  1. Hei Sigrid!

    Guro, di fire-femmenning fra Skien, her.

    For ein fin blogg! Eg likar veldig godt at du skriv på nynorsk.

    Tenkte eg skulle komme med ein strikketrivia ifrå slekta. Mi mormor Torgunn, kusina til din farfar, hadde strikkebutikk i Skien. Den heitte Spinnerokken. Spinnerokken låg i eit portrom inn frå Handelstorget, og der trur eg vi hang ganske mykje, eg og mamma. Det lukta heit sikkert ull og sigarettar der. Slik eg hugser det var eineste serveringa ein fikk der eit glass lunka vatn fra utslagsvasken på bakrommet. Og så var det ein sånn trillande lagerkrakk der, ein sånn som ikkje trillar lengre når ein står eller sett seg på han. Mormor kunne strikke Selbuvottar mens ho røyka og så på tv. Nå er mormor og Spinnerokken borte.

    Sjølv er eg ikkje såå oppteken av strikking. Til gjengjeld er eg ganske flink til å sy i stoff og folk. Eg trøyster meg med det dama på Husfliden sa da eg kjøpte Mariusgenser til mannen min i morgongave: Alle treng ikkje å strikke.

    Lykke til videre med strikking og blogging!

    Guro

    PS: Kven er dei to jentene på forsidebillete?

    • Hei Guro
      Takk for hyggelig melding, dette var veldig artig å høre!! Hvis jeg noen gang skulle fått meg en garnforetning ville jeg nok hatt en som Spinnerokken, den hørtes fin ut.
      Desverre vet jeg ikke hvem jentene på bildet er, det er funnet på cyberspace, men jeg liker å tro at Bestemor eller noen andre i familien satt slik når de var unge jenter.
      Hilsen Sigrid

  2. Tilbakeping: V O T T A R | Eg sa strikk!·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s