Nybyrjarprosjekt

Det er mange som har spurt om tips til ka ein kan strikke når ein eigentleg ikkje kan strikke, så her er eit nybyrjarprosjekt! Denne hua er min all-time-favorite og ganske så enkel å strikke.

★ Du treng ca 3 nøster a 50 gr. garn i ein fin farge som passar til pinnestorleik 5. Eg nytta Nepal frå Drops, hvis eg ikkje hugsar heil feil. Dei har mange fine fargar!
★ Rundpinne nr 5, 40 cm og 5 strømpepinnar, det gjer ikkje noko om dei er tynnare, nr 3 eller 4 hvis det er det du har
★ Kartong til å lage ein dusk. Kjekt å ha ein saks og ein nål til å feste trådar med

What to do:

Legg opp 88 masker på rundpinnen og strikk 2 rett masker og 2 vrang masker 6 rundar, eller strikk så mange rundar du ønsker. Dette blir vrangborden heil nederst.

På den siste runden strikkar du dei siste 2 maskene saman, slik at du har att 87 masker. No strikkar du fyrst ein vrang maske, deretter strikkar du 2 rette masker og 2 vrange masker (sjå diagramet under). Heile poenget med hua er at maskeantallet er oddetal, slik at spiraleffekten kjem av seg sjølv så lenge du strikkar 2 rette masker og 2 vrange masker. Under har eg laga eit diagram som visar mønstret. Dei mørke rutane er rette masker og dei kvite rutane er vrange masker.

Når du har strikka ca 20 cm frå botten kan du felle av ved å strikke 2 og 2 masker saman i ca 3 runder. Då blir det ikkje spiralmønster lengre, men det synes ikkje når du får på ein dusk. Pass på at hua dekker godt over øyra før du byrjar å felle av. Det mest irriterande er å ha ein for kort hue.
Lag ein dusk og sy han fast i toppen. Ta deretter hua på hovude, no ser du fin ut!

Mønster til hue

Mønster til hue, mørk er rett maske og kvit er vrang maske

IMG_2787

Ferdig

bilde

Favoritthua

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s