Sigridgenseren

Eg har lenge fundert på å strikke ein god og varm gensar, men klarte ikkje heilt å bestemme meg for ka slag det skulle væra. Til slut ble det ein ganske enkel gensar i perlestrikk med raglanfelling i mjukt alpakkagarn. Fargen er litt vanskeleg å sjå på bilete, men den er i ein litt ubestemmeleg blågrå farge. Dei fyrste ermene ble alt for store så eg rakka opp og strikka dei på nytt. Det var ikke gøy, men særs nødvendig. Eg har strikka på pinne nr 5,5 slik at gensaren blir litt tett, det forhindrer at den strekker seg så mykje. Så hvis du kan strikke rett og vrang og vil strikke ein gensar så er dette gensaren å strikke!

Du trenger:

★ ca 6 nøster av et alpakkagarn og 7 nøster av et litt loddent garn. Eg har brukt Mini alpakka i fargen 6221 og Suri alpakkagarn frå Sandnes Garn.

★ Rundpinne i nummer 5,5, 80 cm lang og strømpepinner i nr 5,5. Det kan være kjekt å ha ei rundpinne i 5,5, 40 cm til ermene. Nål og saks kan være kjekt å ha smat noke å merke med. Feks et garn i ein anna farge eller noken sikkerheitsnåla.

WHAT TO DO:

★ Bolen: Legg opp 136 m på ein 80 cm rundtpinne nr 5,5 og strikk vrangbord 2 rette, 2 vrange masker i 8 omganger eller så langt eller kort du ynskjer. Merk av kor omgangen startar og midten av bolen, 68 masker på kvar side. Etter vrangborden fortsetter du å strikke perlestrikk, 1 rett, 1 vrang. På neste omgang strikkar du 1 vrang der det er ein rett og motsatt. Mønster til vrangbord og perlestrikk ligg lengre nede på sida. Strikk så langst du ynskjer. Eg strikka til arbeidet målte 49 cm. På meg rekk gensaren god nede på rumpa, heilt perfekt. Når arbeidet er ferdig strikket, felles det 6 masker i kvar side, der du merka arbeidet i starten. Når ermene er ferdig strikka skal dei festes på her. «Holene» gjer det litt lettare å strikke bolen og armane saman.

★ Ermene: Legg opp 36 m på strømpepinner nr 5,5 og strikk vrangbord 2 rett, 2 vrang 8 omganger eller så langt eller kort du ynskjer. Øk 2 masker ca kvar 5 cm. Dei strikkas slik: Øk ein maske på kvar side av den fyrste masken på omgangen. Strikk til du har totalt 62 masker og ermet måler ca 49 cm eller så langt du ynskjer. Fell 6 masker midt under ermet. Strikk eit erme til.

★ Når bolen og ermene er ferdig festes det hele samen på rundpinnen. Nå skal du ha sånn ca 248 masker totalt. Strikk omgangene slik: strikk 4 rette masker der erme er satt sammen med bolen. Strikk 2 omganger uten at det felles i raglanen. Deretter felles det 1 maske i starten av de 4 rette maskene og 1 i slutten. Fell anna kvar omgang. Når gensaren er i passe lengde og halsen er passe stor, kan man felle 6 maske midt foran og strikk deretter frem og tilbake og fell 2 masker på starten av kvar pinne til fellingen når raglanfellingen. Det er ca 4 ganger felling. Fest alle lause trådar og sy igjen hola under ermene. No må eg berre sy ein Strikket av Sigrid-lapp i nakken så er den klar til bruk. Lukke te!

IMG_2885

Byrja å strikke på t-banen heim. Hipt.

IMG_2926

Ikkje nøgd. Rekka opp ermane.

bilde

Raglanfelling: 4 rette masker der ermet og bolen er festa samen

IMG_2935

F . E . R . D . I . G

IMG_2939

Byrja dagen med eit smil og nystrikka genser

IMG_3139

Merkelapp er sydd fast

IMG_2942

Mønster

Skjermbilde 2014-04-03 kl. 13.36.57

Mønster til vrangbord og perlestrikk. Mørk: rett maske. Hvitt: vrang maske.

IMG_3504

Sigridgenseren på vift på den franske landsbygda, rettare sagt Collonges La Rouge i Bordeaux

Advertisements

5 responses to “Sigridgenseren

  1. Tilbakeping: Sigridgenseren 2.0 | Eg sa strikk!·

  2. Tilbakeping: Marthe og Marthe | Eg sa strikk!·

  3. Hei 🙂 elsker sigridgenseren din! Lurer på om du kan lage mønster på sigridgenseren som jakke? Gjerne litt lang jakke. Det hadde vært perfekt 🙂

    • Hei Sigrid! Så gøy at du likte genseren! Ja, jakke har jeg faktisk tenkt på en stund. Vil komme et mønster basert på jenseren i nær fremtid 🙂 Helsing Sigrid

  4. Tilbakeping: Klar for haust | Eg sa strikk!·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s