Mønster til Tømmerhoggergenser med ein vri

Mottakaren av Tømmerhoggergenseren har brukt den så mykje og han vart så nøgd med genseren at han spurde om eg kunne strikke ein til te han. Då vart strikkehjarte mitt så glad! Denne utgåven vart litt smalare etter ynskje frå han som skulle ha den. Og eg vart så nøgd, den passa heilt perfekt! Eg trur eg kjem til å låne den av og til.

Slik gjorde eg:

★ Garnet kjøpte eg ifrå Ice yarn. Det heiter Peru Alpaca light og fargen er Dark grey. Det inneholder 25% alpakka, 50% merino ull og 25% akryl, eg nytte ca 14 garnnøster. På pinnestorleik 5 vart strikkefastheita 17 masker per 10 cm. For å finne antal masker til bolen, gangar du strikkefastheita med antal cm rundt brystet delt på 10. Til denne gensaren tok eg utgangspunkt i brystmål på ca 102 cm pluss et par cm ekstra. I dette tilfellet 17 m * 108 cm / 10 cm = 183 masker. Rund opp til nærmaste partal som går opp i 4 (antal masker i rapporten til vrangborden).

★ Bolen: Legg opp 184 masker med dobbel tråd på pinnestorleik 5 og strikk vrangbord 2 rette, 2 vrange ca 8 omganger. Strikk 2 omganger glattstrikk før du byrjar på mønsteret, som du finn litt lengre ned på siden. Når bolen målar ca 48 til 50 cm, felles det 6 masker i kvar side på fyrste omgang med glattstrikk.

★ Ermer: legg opp 40 masker på strømpepinner numer 5 og strikk vrangbord 2 rette, 2 vrange i 8 omganger. Strikk 2 omganger rett før du byrjar med mønsteret. Øk gjevnt til 74 masker (17 økninger) ca hver 3 cm på undersiden. Det økes 2 masker, ein på kvar side av den fyrste masken. Når det er totalt 74 masker og ermet måler ca 52 cm, fell av 6 masker på undersida av ermet på den fyrste omgangen med glattstrikk. Totalt hadde eg 33 riller i mønsteret før eg festet ermet saman med bolen. Strikk et erme til.

Når du har to ermer festar du dei inn der det er felt 6 masker  på bolen. Strikk 2 omgonger før du begynner på raglandfellinga. Der ermet og bolen møtast strikkes det fyrst 2 masker samen, 2 masker glattstrikk, og deretter 2 masker vridd samen. Dette er raglandfellingen. Den strikkes på anna kvar omgang til du har en passe stor halsopning. Her er en video ifrå Drops om kordan ein strikkar raglandfelling. Er du nysgjerrig kan du sjå Tømmergoggergenseren til Pickles her.

Når du er ferdig med genseren, fest alle trådar og sy at hola under ermene. Denne genseren kan eg anbefale å dampe. Da vil plagget få ein meir jamn overflate og mønsteret kjem mykje betre fram. Fukt eit kopphandklede og legg det over plagget og bruk strykehjernet oppå. Fukt handkledet igjen når det trengs og ha litt tolmod.

Eg kan virkeleg anbefale å strikke ein slik genser! Kan du strikke rett og vrang på rundpinne og har litt tolmod, klarar du å strikke denne. Det er ikke spesielt vanskeleg og den kan enkelt tilpassast alle storleiker. Lukke te!

IMG_4669

Ferdig gensar!

IMG_4663

IMG_4665

IMG_4664

Elskar strukturen i mønsteret

Screenshot 2015-01-31 19.22.56

Mønster

Advertisements

5 responses to “Mønster til Tømmerhoggergenser med ein vri

  1. Kom tilfeldigvis over bloggen din, og eg likar han kjempegodt! No vart eg inspirert til å gjere ferdig tømmerhoggargensaren som ligg halvferdig i strikkeskapet (+ skrive nynorsk noko eg sjelden gjer). Må berre fyrst bli ferdig med barnegensaren eg held på med no. Artig å sjå at vi er fleire unge som strikker noko anna en skappelgensar!

    • Hei Gina! Så hyggelg å høre, jeg er så enig! Det er al for mange SKappelgensere der ute. Jeg vil gjerne se Tømmerhoggergenseren din når den er ferdig! Mitt neste prosjekt er en lysegrå tømmerhuggergenser til meg selv, perfekt for våren 🙂

  2. Tilbakeping: Mønster til Tømmerhuggergenser i damestørrelse | Eg sa strikk!·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s