Mønster til Tømmerhuggergenser i damestørrelse

Eg er ferdig med Tømmerhuggergenser nummer to i lys grå alpakka, og denne gangen er gensern til meg sjølv! Oh hello, for ein mjuk og god gensar, eg likar den så godt allereide!

Slik gjorde eg:

★ Eg nytta et alpakkagarn som inneholdt 70% alpakka, 10% merinoull og 20% nylon. Genseren vart passe pusete og lett og mjuk. Eg nytta pinnestorleik 5 og garnet hadde ein strikkefastheit på 18 masker per 10 cm når eg strikka med enkelt garn. Eit foralg til garn kan være Puno alpakka frå Rauma garn. Det lignar veldig mykje på det garnet eg nytta. Eg sjekka ikkje strikkefastheita så nøye før eg byrja å strikke. Dette gjorde at eg strikka fyrst ein genser med litt færre masker som ikkje passa så god til meg, men som veslesyster Hedvig fekk. Deretter lagde eg prøvelapp og strikke ein te som passa meg. Genseren måler ca 100 cm rundt brystet.

★ Bolen: Legg opp 184 m på pinne 5 og strikk vrangbord 2 masker rett, 2 masker vrang i 8 omganger. Strikk glattstrikk 2 omganger før du strikker mønsteret til Tømmerhuggergenseren. Når bolen målar ca 48 til 50 cm, felles det 6 masker i kvar side på fyrste omgang med glattstrikk.

★ Ermene: Legg opp 40 masker på strømpepinner numer 5 og strikk vrangbord 2 rette, 2 vrange i 8 omganger. Strikk 2 omganger rett før du byrjar med mønsteret. Øk gjevnt til 66 masker (13 økninger) ca hver 2 – 3 cm på undersiden. Det økes 2 masker, ein på kvar side av den fyrste masken. Når det er totalt 66 masker og ermet måler ca 52 cm, fell av 6 masker på undersida av ermet på den fyrste omgangen med glattstrikk. Totalt hadde eg 33 riller i mønsteret før eg festet ermet saman med bolen. Strikk eit erme til.

Når du har to ermer festar du dei inn der det er felt 6 masker  på bolen. Strikk 2 omgonger før du begynner på raglandfellinga. Pass på at mønsteret på ermene stemmer med mønsteret på bolen. Der ermet og bolen møtast strikkes det fyrst 2 masker rett samen, deretter 2 masker vridd samen. Dette er raglandfellingen, og det felles på anna kva omgang. På denne genseren valde eg å strikke ein smal raglandfelling, så den ikkje ble så tydeleg. Eg synes genseren fekk eit litt meir feminint uttrykk. Deretter dampa eg den, tokk den på meg og sykla på skulen.

IMG_4783

Eg lærar Duke å strikke

IMG_4819

Erme in the making

IMG_4830

Ferdig dampet

IMG_4822

N Ø G D med ny gensar!

Advertisements

2 responses to “Mønster til Tømmerhuggergenser i damestørrelse

  1. Veldig fin! Tusen takk før mønster! Jeg har noe Myk fra Sandnes Garn liggende – tror det kan erstatte garnet du har brukt også… Forresten imponerende at du skriver på nynorsk. Jeg er fra Vestlandet og skriver heller engelsk… rar verden 🙂

    • Tusen takk, veldig hyggelig å høre! Myk tror jeg passer veldig bra til denne genseren! Garnet jeg brukte er ganske likt, bare husk på strikkefasteheten 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s