Ny genser for hausten

Å herre jeminin, dette er bloggpost nummer 100!

I helga var eg ein tur heime hjå mamma og pappa og eg vart ferdig på genseren eg starta på for nokre vekre siden! Eg fekk tatt han i bruk på sundagen, perfekt for ein bytur i sola.

Eigentleg skal denne genseren strikkast som eit forstykke og eit bakstrykke for deretter å syast sama. Eg er ikkje så glad i montering og synast det er så forferdeleg kjedelig, derfor har eg strikka heile genseren på rundpinne, det funka kjempebra! Eg bala både med størrelsen og raglanfellingen, men det gjekk seg til etter kvart. Fyrst prøvde eg å strikke størrelse large, men er syntes det vart alt for lite. Eg har derfor lagt på 12 masker, totalt har eg 162 masker. Ermene har eg og strikka større og med fleire maskeøkningar opp mot overarma.

Genseren er strikka i Alpakka ull garnet i frå Sandnes garn, og mønsteret er i frå hefte Alpakka voksen 1411. Så innmari mjukt og godt å strikke med! Eg har allereie lyst til å strikke meir i dette garnet.

Siden eg triksa det til med maskeantalet, var det ikkje like enkelt å få raglandmønsteret til å stemme. Eg rakk vell opp ein tre gonger før eg fann ut noke som fungerte. Eg endte med å felle kva tredje omgang med patentstrikk, trur eg.

Heime var både mamma og to av systrene interessert i genser, så kanskje de kjem nokre bestillingar etter kvart.

IMG_5698

Så nøgd med ny genser!

IMG_5699

IMG_5710

IMG_5711

IMG_5708

Meg og genseren på bytur

IMG_5713

Detaljar frå bolen

Advertisements

4 responses to “Ny genser for hausten

  1. Tilbakeping: Fjorårets jolegåve til Mamma | Eg sa strikk!·

  2. Tilbakeping: Genser i halvpatent til lillesøster | Eg sa strikk!·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s