Sumar i P A R I S

I sumar var eg ei veke i den herlege byen Paris. Vi var skikkelege turistar og tråla museer og dei parisiske gatene. Mamma syr lappeteppar og quiltar og vi fann fort ut at vi måtte innom nokre butikkar med garn og stoffer og slikt. Vi fann den mest fantastiske butikken i Les Halles, Le Droguerie. Så smal og sjamerande butikk har eg ikkje sett før. Butikken opna i 1975 som ein familiebedrift, og er fortsatt ganske så uforandra. Det var buntar av garn hengande på veggande, hundrevis av glasskrukker med perler og knappar og ei avdeling med stoff. Mamma kjøpte nokre stoffar ifrå Liberty, medan eg fann garn av 100% lin. Eg kjøpte 150 gr garn, og då måtte ekspedritrisa vege garnet, medan ho spant det frå ei garnvinde og til garnnøste med ei nøstemaskin. Så fekk eg ein handskreven lapp og betalte i kassa når eg gikk. Ein fantastisk fin butikk, virkeleg verdt et besøk kun for atmosfæren sin del.

No strikkar eg eit nett i lingarnet, etter inspirasjon ifrå Purl Soho i New York, som har så sinsjukt mykje fint! Det skal eg vise dykk når eg er ferdig.

IMG_5289

Så fin fasade!

IMG_5288

Masse garn i så mange ulike kvalitetar

IMG_5287

Ble blei garnet spunnet opp i buntar og vegd

IMG_5422

Turister i Jardin de Plantes

IMG_5480

Mamma og pappa matcher Monets vannlinjer på Museé de L’Orangerie

IMG_5506

Fine systre på Boulevard Saint-Germain

IMG_5450

På veg til Dôme des Invalides, Napoleons grav

IMG_5499

Varm sjokolade på Café de Flore

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s