Docklightgenser og verdas største glis

Denne genseren starta eg på i haust ein gong. Eg rakk til og med å skrive eit innlegg om det i starten av november. Det kan du sjå her. Fyrst hadde eg kjøpt Pure wool garn i frå Pickles i fargen Fennikel, ei nydeleg ljus grønn farge. Eg byrje strikke på bolen, men fargen vart ikkje heilt riktig. Desutten ble den alt for stor. Etter mykje tankearbeid og vurderingar fram og tilbake, fann eg ut at eg skulle rekke opp. Eg prøvde med litt tynnare pinner men det ble ikkje bra det heller. Utålmodig la eg fra meg genseren.

I slutten av desember startet romjulsalget hos Pickles med salg på Pure wool. Eg kunne ikkje dy meg, så eg kjøpte 5 nøster i fargen Forglemegei, perfekt til ein ny genser.

Så byrja eg å strikke:
Mønsteret heiter Docklight og er frå Brooklyn Tweed og er strikket i Pickles Pure wool i fargen Forglemegei på pinne 4. Storleiken eg har strikka er 39′ (tommer) som tilsvarar ca 99 cm rundt brystet. Eg nytta ca 2 1/2 nøste av Pure wool. Veldig godt og drøyt garn!

Altså, eg ELSKAR alt i frå Brooklyn Tweed, det er så mykje fint! Eg hadde lenge hat lyst til strikke noke fra BT, men har ikkje klart å velje ka. Dessuten er modellane deira strikka i Brooklyn Tweed-garn. Det er vanskelig å få tak i her i Noreg og ganske dyrt. Etter mykje inspirasjon frå Instagram, så eg ei som hadde strikket denne genseren og med garn frå Pickles.

Genseren strikkes på rundpinne, men ein feller av til armhol og ermane monterast på etterpå. Selve holmønsteret og halvpatenten er ikkje vanskeleg, fellingen til ermene var meir utfordrane. På engelsk har dei fleir fancy uttrykk for strikketeknikkar som det tokk litt tid før eg skjønte ka var. Og det viste seg at det berre var felling mot høgre eller mot venstre. Takk til Mamma og youtube for god hjelp! No er eg klar for eksamensperiode med ny genser!

IMG_6307

Genseren foreløpig i 3 delar

IMG_6309

Ferdig seint ein tirsdags kveld

IMG_6316

Et stykk nøgd jente

 

Advertisements

3 responses to “Docklightgenser og verdas største glis

  1. Tilbakeping: Den perfekte genseren | Eg sa strikk!·

  2. Tilbakeping: Strikkeåret 2 0 1 6 | Eg sa strikk!·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s