Den perfekte jakken for hausten

Denne jakka har eg strikka ut i frå eget hodet. Eg har noterte litt underveis, det kan kanskje være til hjelp hvis noen blir inspirert og vil prøve seg.

★Garn:
Eg nytta ei tråd Tynn alpakka i frå Du store alpakka saman med Kidsilke Haze garnet frå Rowan. Kombinasjonen er så lett og deilig! Rowangarnet er så drygt, eg nytta ca 5 nøster til ei jakke. Hugser ikkje kor mykje alpakka eg nytta, kanskje 8 nøster?

★Bolen, strikkes frem og tilbake: Legg opp 149 m på pinne 5,5 og strikk vragbord. La første og siste maske være rettmasker og ikke ta dei med i mønsteret. Eg strikka vrangborden slik: fyrste maske er kantmaske og strikkes rett, deretter strikkes 1 rett, 1 vrang ei runde. Neste runde strikka eg kun vrang. Deretter ei runde med 1 rett, 1 vrang. Strikk vrangbord ca 6 cm. Strikk ei omgang vrang slik at du byrjar med mønsteret fra fremsiden. Strikk mønsteret med 1 rett kantmaske, 2 vrang, 2 rett slik som mønsterdiagramet. Strikk til arbeide målar 60 cm. Fell av 5 masker i kvar side.

★Erme: legg opp 38 m og strikk vrangbord slik som på jakka. Øk jevnt 2 masker på kver side av fyrste maske, totalt 3 ganger, til totalt 44 m. Strikk til ermet målar ca 50 cm. Fell av 5 masker midt under.

Når du har strikka to ermer og bolen settes ermene inn på pinnen saman med bolen. Strikk eit par omgangar før raglandfellingen startar. Eg strikka raglandfellinga slik: strikka fram til to masker før sammenføyingen, strikk 2 m rett sammen og så 2 m vridd sammen. Strikk raglandfelling anna kvar omgang.

IMG_6699

Perfekt for hausten

IMG_6717IMG_6722

Forklaring til diagramet:
– Mørk farge: vrang på rettsiden, rett på vrang siden
– Lys farge: Rett på retten, vrang på vrangen

skjermbilde-2016-09-03-16-00-11

Mønsterdiagram til jakke

Advertisements

4 responses to “Den perfekte jakken for hausten

  1. Tilbakeping: Strikkeåret 2 0 1 6 | Eg sa strikk!·

  2. Tilbakeping: Grønn haustgenser | Eg sa strikk!·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s