Fuglevottenes historie

For nokre veker siden fekk en ein kommentar på eit gamal innlegg på bloggen:

Hei!
Las det du skreiv om fuglevottar numero dos. Eg kjenner historia til dette mønsteret. Dete er det opprinnelege mønsteret, som heiter «Lerka». Det er mor mi, Elfrid Syrstad, gift Hjelle som laga mønsteret då ho gjekk på Statens kvinnelige industriskole i Oslo i perioden 1951 til 1953. Ho meiner sjølv mønsteret vart laga i løpet av skuleåret 1952-1953. Elevane fekk i oppgåve å teikne eit mønster som ikkje var laga før. Ho strikka også vottane då mønsteret var ferdig. Det var Anna Marøy som var læraren til klassen deira. Mønsteret vart gitt ut i heftet «Votter og vanter» , Småskrift 5, utgitt av lærerrådet ved Statens kvinnelige Industriskole. Aschehoug & Co i 1955. Namna til elevane som laga fleire av mønstera er ikkje tekne med. Dei som les det opphavelege mønsteret, ser at det står ein skal bruke pinne nr 6 eller 7. Dette er dei gamle pinnenummera brukte på den tid. Det tilsvarer pinnar med diameter 1,8 eller 1,9. Eg har sett mønsteret, eller variasjonar av det, i fleire strikkebøker og hefte. Elfrid Hjelle er i dag 92 år. Ho bur på Nordfjordeid. Ho synest det er kjekt at mønstert blir brukt! Mvh Marit Hjelle.

Så gøy! Tenkt at dei vottane eg har strikka, er laga på starten av 50-talet av ei dame som nå er 92 år og bur i Nordfjordeid! Og eg elskal internettet når ein får vite sånne fine historier om andre mennesker. Tusen takk Marit for at du delte historia med meg!

bilde 4

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s