Det nye året har pågått i 3 dager og for å ikkje gløyma ka strikkeåret 2017 har inneheldt, har eg laget ei lita oppsummering. Dette har eg strikka i 2017:
Eg starta januar med å bli ferdig med Dottejakka frå Pickles Oslo.
I februar laga eg Strikk&drikkgenseren – eit strikkeprosjekt til dei flotte venninnene mine.
Eg strikka flettegenser til lillesøster i bursdagsgåve.
Eg strikka ei til flettegenser, denne i blå til mamma.
Ei egenkomponert lue i BC garn.
Eit misslukka forsøk på Ingendikkedarier genser endte opp i ei eigenkomponert genser med ein million dotter.
I vinter prøvde eg på nok ein Ingendikkedarier genser. Ikkje heil fornøgd, garnkomboen vart litt for tung og ovenfra-og-ned genser er eg ikkje heil fortrolig med.
I morsdagsgave strikke eg Queensland head band til Mamma.
Eg strikka også eit til meg sjølv.
Eg strikka ei egenkomponert rutete genser i Line frå sandnes garn og Silk mohair – den perfekte sommergenser.
I september strikka eg genser til kjæresten. Det ble ein modifisert Tømmehoggergenser.
Eg strikka ei nydelig Min datters volangbluse frå Olines mor til ei lita jente.
Qanikgenser ble høstens favoritt!
Eg strikka også ei Qanikgenser i rødt til søster i julegåve, men den har eg gløymt å ta bilete av!
Av restegarnet frå Qanikgenser strikka eg Tjukklua.
Ei barnegenser i restegarn av Pure wool frå Pickels og Silk mohair frå Sandnes garn.
Eg strikka The Naomi sweater frå Lokal Oslo. Ei favoritt!
I desember ble eg ferdig med Poppygenseren, så lett og deilig! Perfekt for mange veker på lesesalen og eksamen.
For meir utfyllande detaljer om ka slags garn eg har nytta, pinnestorleik og ka dei ulike mønstra heiter, kan du sjå på Ravelryprofilen min eller sjå her på bloggen.
Ha eit riktig godt nytt år!
Så mye fint du har strikka i 2017 😁
/Strikzilla
Tusen takk!
Hilsen Sigrid 🙂